AKTIVITETAR

Fjordcharter
Fjordcharter Norway AS er en guide til fantastiske norske fjorder og turer som gir minner for livet. Båtene er komfortable og har god utsikt og store dekk. De tar dere med til de små og store opplevelsene, kontraster og natur så unik og ren som kun Norge kan tilby. Turene vil gi fantastiske opplevelser og minner for livet.

Kleiveland gard
Kleiveland gard ligg ved Osterfjorden der vegen stoppar. Fram til 1983 var Kleiveland ei veglaus bygd. Her er det mektige fjell og fine område for turgåing mellom anna til Kleiveland kai og friluftsområde. Kontakt oss for avtale om guida tur i nærområdet eller ein båttur til laksegiljene på Askildneset med skyssbåten «Ospenes».

Klyvvikje
Klyvvikje er ein gard på Olsnes, ved Bruvik i Osterøy kommune. Eit besøk i Klyvvikje kan bestå av: Velkomst ved sjøen, lapskaus i sjøbua, omvisning på garden kombinert med dyreklapping og historieforteljing. Etter ein kulturhistorisk vandring, kan ein delta på ulike aktivitetar som øksekast, frisbeegolf, kanopadling på fjorden eller berre slappe av på ein benk nede ved sjøen. Til slutt kan dei få servert kaffimat før turen går vidare.

Koppen
I ein stille og fredfull liten sidedal finn du garden Koppen. Her finst spor etter busetnad frå over 1000 år sidan. Koppen består av 14 bygningar i utmark og innmark, frå 1600-talet til i dag. Store delar av kulturlandskapet er intakt, slik det har vore gjennom generasjonar, med steingardar, bakkemurar, kisteveiter, slåttemark, kjelder, for å nemna noko.
Hjå oss kan du få oppleva den gode atmosfæren ved å besøkja Gamlahuset, vandra i tunet og kulturlandskapet. Me fyrer gjerne opp i den gamle gardssmia, om du vil prøva deg på å smi ein liten ting, som du får med deg.
Kanskje er du ute etter heilt spesielle opplevingar? Då har me eigne opplegg, der du kan delta i arbeidet med å ta vare på kulturmiljøet.